Midnight Wire Studioalbum av Curved Air | ||
Utgjeve | 1975 | |
Innspelt | August 1975 | |
Studio | Ramport Studios i London[1] | |
Sjanger | Progressiv rock, folkrock | |
Lengd | 35:18[2] | |
Selskap | BTM | |
Produsent | Ron og Howard Albert for FAT Productions | |
Curved Air-kronologi | ||
---|---|---|
Curved Air – Live (1975) |
Midnight Wire | Airborne (1976)
|
Midnight Wire er det femte studioalbumet til Curved Air, gjeve ut i 1975. Det vart spelt inn med ein ny besetning for bandet, og berre Darryl Way og Sonja Kristina var att etter turneen som hadde gjeve konsertalbumet Curved Air - Live. Venen til Kristina, Norma Tager, som hadde designa kleda ho hadde på scenen under turneane frå 1974 til 1976,[3] bidrog med tekstar til alle songane deira.
Dei nye medlemmane i bandet var henta frå det andre bandet til Darryl Way, Stark Naked and the Car Thievs. Gitaristen Mick Jaques og trommeslagaren Stewart Copeland kom herfrå.
Innspelinga av albumet var markert av intense og bitre kranglar mellom bandet og produsentane Ron og Howard Albert, som ofte kritiserte bandmedlemmane heftig.[4]
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Woman On a One Night Stand» | Sonja Kristina, Norma Tager | 5:06 |
2. | «Day Breaks My Heart» | Darryl Way, Tager | 4:38 |
3. | «The Fool» | Way, Mick Jacques, Tager | 4:27 |
4. | «Pipe of Dreams» | Jacques | 3:58 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
5. | «Orange Street Blues» | Way, Tager | 5:01 |
6. | «Dance of Love» | Jacques, Way, Tager | 4:36 |
7. | «Midnight Wire» | Way, Tager | 7:32 |