Midt-Noreg er ei nyare nemning på ein region som i snevraste tyding utgjer fylket Trøndelag, oftast òg inkludert i det minste delar av Møre og Romsdal. Omgrepet er ofte brukt i ei vidare tyding som kan inkludere delar av Nordland (Helgeland) og Hedmark (Nord-Østerdalen). Historisk sett har Midt-Noreg røter i Frostating lagdømme, Nidaros bispedømme og Trondheims len — som alle har hatt Nord-Trøndelag, Sør-Trøndelag, Nordmøre og Romsdal som sitt kjerneområde. I den offentlege forvaltinga frå slutten av 1900-talet av svarar Midt-Noreg med eitt unntak til Nord-Trøndelag, Sør-Trøndelag og Møre og Romsdal.
Etter at Sør- og Nord-Trøndelag vart slått saman er nemninga Midt-Noreg mindre brukt.[treng kjelde]
Unntaket frå regelen er NVE Region Midt, som dekkjer Helgeland, Trøndelag og Nordmøre.[7] Arkivert 2008-06-02 ved Wayback Machine.
«Midt-Norge» i Store norske leksikon, snl.no.