Migdal | |||
מִגְדָּל | |||
lokal kommune | |||
Namneopphav: Tårn | |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Nord | ||
Koordinatar | 32°50′20.68″N 35°29′57.46″E / 32.8390778°N 35.4992944°E | ||
Areal | 11,4 km² | ||
Folketal | 1 627 (2008)[1] | ||
Folketettleik | 143 / km² | ||
Grunnlagd | 1910 | ||
• Bystatus | 1949 | ||
Migdal i Israel 32°50′21″N 35°29′57″E / 32.839077777778°N 35.499294444444°E | |||
Kart som viser Migdal i Israel.
| |||
Wikimedia Commons: Migdal (Israel) |
Migdal (hebraisk מִגְדָּל) er ein by i Nordern distrikt i Israel. Han vart grunnlagd i 1910, og fekk lokal kommunestatus i 1949. I 2008 hadde han eit folketal på 1 627.[1]
Migdal ligg nær Ginosar og kring 8 km nord for Tiberias.[2] Byen ligg ved breidda av Genesaretsjøen med strendene Tamar, Ilanot og Arbel.
Byen er kalla opp etter den gamle byen Migdala Nunia (arameisk for «fisketårnet»), heimbyen til Maria Magdalena (Lukas 8:2), og ligg like vest for Genesaretsjøen langs vegen mellom Tiberias og Rosh Pina.[2]
I 1908 slo ei lita gruppe tyske katolikkar, som identifiserte staden som fødestaden til Maria Magdalana, seg ned der.[3] Dei drog derfrå etter eit år og landet vart kjøpt av russiske sionistar, som starta opp ein gard, Ahuzat Moskva (Moskvaeigedomen) i 1910. Denne busetanden låg nær den arabiske landsbyen Al-Majdal. Eit par år seinare vart landet seld til private investorar.[2] Ein arbeidsleir for Gdud HaAvoda-arbeidarar, som bygde vegen Tiberias-Rosh Pina, vart grunnlagd der i 1921.[4]
I september 2009 vart det utført ei redningsutgraving før bygginga av eit nytt hotell, og det vart avdekt ei gammal synagoge som var datert til år 50-100. Her fann arkeologane ein uvanleg stein med ei utskjering som synte ein sjuarma menora. Dette er den første av sitt slag som vart oppdaga frå tidleg i romartida. I tillegg vart det funne veggar dekorerte med lysfarga freskar.[5]