Mikael, Michael, Mikal og Michel er mannsnamn av hebraisk opphav. Mikael, Mikal og Mikkel har namnedag den 29. september, som også er mikkelsmesse frå gammalt av.
Det hebraiske Mīkāēl tyder 'kven er som Gud?'. Det er namnet på engelen Mikael, ein av dei fire erkeenglane i jødisk og kristen tru.
Namnet har vore brukt i Noreg sidan 1300-talet.
- Michael Praetorius (1571-1621), tysk komponist
- Michel-Richard Delalande (1657-1726), fransk komponist
- Mikael Choræus (1774-1806), finlandssvensk diktar
- Michael Faraday (1791-1857), engelsk fysikar
- Michael Sars (1805-1869), norsk prest og biolog
- Mikael Kildal (1812-1884), norsk stortingsmann
- Anton Mikal Bjørnaali (1867-1949), norsk stortingsmann og målmann
- Michael Collins (1890-1922), irsk politikar
- Michael Staksrud (1908-1940), norsk skøyteløpar
- Mikal Urheim (f. 1932), lulesamisk forfattar
- Michael Palin (f. 1943), engelsk komikar frå Monty Python
- Michael Douglas (f. 1944), amerikansk skodespelar
- Mikael Wiehe (f. 1946), svensk musikar
- Michael Kamen (1948-2003), amerikansk filmmusikkomponist
- Michael Moore (f. 1954), amerikansk forfattar og filmregissør
- Michael Melchior (f. 1954), dansk-jødisk rabbinar
- Michael Tetzschner (f. 1954), norsk politikar (H)
- Michael Jackson (1958-2009), amerikansk songar og dansar
- Michael Stipe (f. 1960), vokalist i R.E.M.
- Michel Petrucciani (1962-1999), fransk jazzpianist
- Mchael Jordan (f. 1963), amerikansk korgballspelar
- Michael Schumacher (f. 1969), tysk motorsportutøvar
- Michael Bublé (f. 1975), kanadisk songar
- Michael Owen (f. 1979), britisk fotballspelar
- Michel Bastos (f. 1983), brasiliansk fotballspelar
- Michael Thwaite (f. 1983), australsk fotballspelar
- Michel Vorm (f. 1983), nederlandsk fotballspelar
- Michael Phelps (f. 1985), amerikansk symjar