Mike Kellie | |||
Kellie, 2015 | |||
Fødd | 24. mars 1947 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Birmingham, England | ||
Død | 18. januar 2017 (69 år) | ||
Fødenamn | Michael Alexander Kellie | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Aktiv | 1966–1985; 1999–2017 | ||
Sjanger | |||
Instrument |
| ||
Tilknytte artistar | |||
Verka som |
|
Michael Alexander Kellie (24. mars 1947–18. januar 2017)[1] var ein engelsk musikar, komponist og plateprodusent.
I ein karriere som varte over 50 år, var Kellie medlem av rockegruppene The V.I.P.s, Spooky Tooth og The Only Ones. Han var òg ein aktiv studiomusikar og har arbeidd med The Who på filmusikken til Tommy, Joe Cocker, Traffic, George Harrison, Jerry Lee Lewis, Peter Frampton, Maurice Gibb frå Bee Gees, Gary Wright, Johnny Thunders, Luther Grosvenor, Neil Innes, Steve Gibbons, Chris Jagger, Nanette Workman, Sean Tyla, Jim Capaldi, Pat Travers og Andy Fraser.
I 2014 gav Kellie ut det første soloalbumet sitt, Music from The Hidden, medan han framleis var medlem av The Only Ones. Han døydde i 2017 etter kort tids sjukdom.