Miller Anderson | |
Statsborgarskap | Storbritannia |
Fødd | 12. april 1945 (79 år) Renfrewshire |
Yrke | musikar, songar, gitarist |
Språk | engelsk |
Nettstad | http://www.milleranderson.co.uk/ |
Miller Anderson (fødd 12. april 1945 Houston i Renfrewshire i Skottland) er ein britisk bluesgitarist og songar.
Bortsett frå sin eigen solokarriere har han vore medlem av Keef Hartley Band. Andre grupper som Anderson har spelt med er Spencer Davis Group, Broken Glass, The Dukes, Savoy Brown, T. Rex og Chicken Shack.[1] I tidleg 2006 vart han med The British Blues Quintet med Maggie Bell, Zoot Money, Colin Hodgkinson og Colin Allen.