Millworker av James Taylor frå albumet Flag | ||
Utgjeve | Mai 1979 | |
Innspelt | 1979 | |
Sjanger | Folkrock | |
Lengd | 3:52 | |
Selskap | Columbia | |
Tekstforfattar | James Taylor | |
Låtskrivar(ar) | James Taylor | |
---|---|---|
Produsent | Peter Asher |
«Millworker» eller «Millwork» er ein song skriven av James Taylor. Han vart opphavleg skriven for Stephen Schwartz-musikalen Working. Taylor si eiga innspeling kom ut i 1979 på albumet hans Flag i lag med «Brother Trucker», ein annan song Taylor skreiv for Working. Han har òg vorte spelt av andre artistar, inkludert Bette Midler, Emmylou Harris, Eddie Vedder frå Pearl Jam, Bruce Springsteen, Jennifer Warnes og Francis Cabrel.
Ifølgje Taylor vart han inspirert til å skriva songen raskt ei natt heime i Martha's Vineyard, «omtrent seks fot» frå der han skreiv sin tidlegare song «Secret O' Life».[1][2] Han var i utgangspunktet imponert over songen og korleis han var i stand til å skriva den frå perspektivet til ei kvinne.[1] Han byrja opphavleg å skriva songen om ein lastebilsjåfør, snarare enn ein fabrikkarbeidar, og ifølgje Taylor handlar ikkje teksten om nokon spesiell karakter i boka til Studs Terkel, Working: People Talk About What They Do All Day and How They Feel About What They Do som var grunnlaget for musikalen Working.[1] Ifølgje Bruce Springsteen-biografen Marc Dolan var likevel teksten basert på orda til fagforeiningsorganisatoren Grace Clements, som vart intervjua for boka til Terkel.[3] I den ferdige songen vart hovudpersonen ei ung kvinne på 1800-talet, som hadde vore gift med ein fordrukken mann og vart tvinga til å jobba i tekstilfabrikk etter at han døydde og lét åleine etter seg henne med tre barn å forsørgja.[1] Som lindring frå slitet drøymer ho om smilet til faren og historiane til bestefaren.[1] Ho innser at ho er fanga og at livet hennar er bortkasta fordi ho tok nokre dårlege val.[2] Som ho syng, er ho ulykkeleg og gammal før si tid, utan noko å sjå fram til.[4][5] Taylor-biografen Mark Robowsky skildra songen som «eit fiksert sjølvportrett gjennom dei slitne auga til ein kvinneleg arbeidar lenkja av livet til sin 'maskin'.»[6]
Tittelen av songen som vart brukt i Working var «Millwork».[6] Stephen Schwartz rekna han som favorittsongen sin i showet.[6][7] Han hevda òg at songen var heilt og fullt Taylor sin idé og at han ikkje eingong tenkte på emnet som ein mogleg song.[7] Forfattaren John Bush Jones reknar songaren i «Millwork» som «kanskje meir forpint» enn nokre av dei andre karakterane i Working.[4] Robin Lamont song songen på Broadway.[1]
Rolling Stone-kritikaren Stephen Holden reknar «Millworker» som ein av nøkkelsongane på Flag, og skildra han som den mest veltalande songen på Flag.[5] Taylor-biografen Timothy White skildra Broadway-versjonen av songen som «eit sublimt, om enn undervurdert, stykke scenemagi», og rosar òg «verdigheita» i framferda til Lamont.[1] Jones skildra songen som «grafisk og mektig».[4] Robowsky skildra songen som «ein hymne om klasseforskjell og fagforeiningssolidaritet».[6] «Millworker» vart inkludert på konsertalbumet til Taylor, Live, og samlealbumet hans The Essential James Taylor.[8][9] Taylor framførte «Millworker» på Saturday Night Live den 12. mai 1979 saman med to andre songar frå Flag, «Up on the Roof» og «Johnnie Comes Back».[1][10]
Bette Midler spelte «Millworker» i 1979 på albumet hennar Thighs and Whispers.[11] Ifølgje Midler-biografen Mark Bego er Midler-versjonen «ein skikkeleg godbit», som gir songen ei «langsam og ettertenksam handsaming» som gir liv til karakteren.[12] Billboard skildra versjonen hennar som «kjenslevar».[13] AllMusic-kritikaren Joe Viglione meiner versjonen hennar er underhaldande, og at han speler på dei sterke sidene til Midler.[11] Emmylou Harris spelte «Millworker» i 1981 på albumet hennar Evangeline.[14] AllMusic-kritikaren Stewart Mason meinte han ikkje var særleg god.[14] Mark Coleman og Mark Kemp i The New Rolling Stone Album Guide meinte likevel at den «inderlege» versjonen hennar var det einaste gode på albumet.[15] Harris var ein av forfattarane bak albumet. Harris hadde ønskt å inkludera songen på sitt førre album, Roses in the Snow, men produsenten hennar Brian Ahern overtydde henne om at han var for mykje av ein poplåt for dette bluegrassalbumet.[16] Bruce Springsteen song songen til ære for Taylor på albumet A Musicares Person of the Year Tribute i 2006.[17] Pearl Jam-medlemmen Eddie Vedder framførte songen på scenen på Delta Plex i Grand Rapids, MI, 3. oktober 2004.[18]
Francis Cabrel spelte inn songen på fransk som «La fabrique» på livealbumet Public frå 1984.