Minchinmávida | |||
fjell | |||
Vulkanen ligg midt i dette biltet, til høgre bak oskesøyla til vulkanen Chaitén som har utbrot.
| |||
Land | Chile | ||
---|---|---|---|
Fjellkjede | Andes | ||
Høgd | 2 450 moh. | ||
Primærfaktor | 1 518 m | ||
Koordinatar | 42°47′57″S 72°26′45″W / 42.79917°S 72.44583°W | ||
Vulkantype | Stratovulkan | ||
Siste utbrot | 1835 | ||
Minchinmávida 42°47′57″S 72°26′45″W / 42.799166666667°S 72.445833333333°W | |||
Wikimedia Commons: Michinmahuida |
Michinmahuida (òg skrive Michimahuida) er ein isdekt stratovulkan som ligg i Los Lagos-regionen i Chile. Han ligg kring 15 km aust for vulkanen Chaitén, og vart dekke av mykje oske under utbrotet til Chaitén i 2008.[1] Stratovulkanen ligg oppom den regionale Liquine-Ofqui-forkastinga og det isdekte massivet ruvar over den sørlege delen av Pumalín Park. Han har ei høgd på 2450 meter over havet.