Mingay er ei lita øy i Indre Hebridane utanfor Skye og Isay.
I lag med Isay og Loch Dunvegan har ho status som Special Area of Conservation (særskild verneområde) på grunn av sel som ynglar her.
Øya består av basalttisk lava med skiver og kvarts.[1]
Mingay ligg aust i Loch Dunvegan. Ho ligg sør for Ardmore Point og vest for Waternish, begge på Skye.
Øyanamnet har norrønt opphav, som mange av stadnamna på Skye og Isay.