Mona Røkke | |||
Fødd | 3. mars 1940 Drammen kommune | ||
---|---|---|---|
Død | 13. juli 2013 (73 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Høgre | ||
Yrke | politikar, jurist, skribent, advokat, dommar, forretningsdrivande | ||
Utdanna ved | Universitetet i Oslo | ||
Verv | Fylkesmann i Vestfold 1989-2010 | ||
Føregangar | Odd Vattekar | ||
Alle verv |
|
Mona Røkke (fødd 3. mars 1940 i Drammen, Buskerud, død 13. juli 2013)[1] var ein norsk jurist og politikar frå Høgre. Ho blei vald inn på Stortinget frå Buskerud i 1977 og attvald i 1981 og 1985. Ho var justisminister i Regjeringa Willoch frå 1981 til 1985, og ho var Fylkesmann i Vestfold frå 1989 til 2010.
Ho blei i 2005 utnemnd til kommandør av St. Olavs Orden.
Mona Røkke var justisminister då ho i september 1985, fekk vite at ho hadde kreft for andre gong. Sjølvbiografien Ingen tid for tårer fortel om Monas Røkke sin kamp mot sjukdomen. Ho fortel også om barndom og unge år, om tida som politifullmektig i Drammen, som stortingsrepresentant og som justisminister.