Monster Movie Studioalbum av Can | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | August 1969 | |
Innspelt | juli 1969 i Schloss Nörvenich i Tyskland | |
Sjanger | Krautrock | |
Lengd | 38:05 | |
Selskap | United Artists/Sound Factory | |
Produsent | Can | |
Can-kronologi | ||
---|---|---|
Monster Movie | Soundtracks (1970)
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
Pitchfork Media | (8.7/10)[2] |
Stylus Magazine | (A)[3] |
Monster Movie er debutalbumet til det tyske rockebandet Can, spelt inn og gjeve ut i 1969. På albumet fører det saman element av psykedelisk rock, blues, frijazz, verdsmusikk og andre stilar, påverka av Velvet Underground[4][5] noko som er særleg tydeleg på opningssporet «Father Cannot Yell». Gruppa nytta improvisasjon, eksperimentering, klipping og fleire lag av lydar og sette standarden for påfølgjande album av Can tidleg i 1970-åra, som var viktige i den avantgarde musikkstilen som vart kalla «krautrock» av britisk musikkpresse.
Etter at det hadde gjeve ut dei første singlane sine i 1968, spelte Can inn eit album kalla Prepared to Meet Thy Pnoom, men det var ingen plateselskap som ville gje det ut. Dette albumet kom etter kvart ut i 1981 som ein del av Delay 1968). Med Monster Movie prøvde Can å lage eit noko meir tilgjengeleg album.[6] På plateomslaget kan ein sjå ein gigant andletslaus figur av Marvel Comics-figuren Galactus. Bandet er omtalt som «The Can», eit namn som vart føreslått av vokalisten Malcolm Mooney og som vann ei avstemming i bandet. Tidlegare hadde bandet kalla seg Inner Space, som seinare vart namnet på platestudioet dei bygde sjølv. Somme eksemplar av plata hadde undertittelen «Made in a castle with better equipment», og synte til Schloss Nörvenich, eit slott frå 1300-talet i Nordrhein-Westfalen der bandet spelte inn albumet i 1968-1969.[7]
Den 20 minuttar jam-en «Yoo Doo Right» vart kutta ned frå eit seks timar langt lydopptak,[4] medan Mary, Mary So Contrary er basert på Mary, Mary, Quite Contrary, eit populært engelsk barnerim.
Monster Movie var det einaste Can-albumet med Malcolm Mooney på vokal før Rite Time, 20 år seinare.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Father Cannot Yell» | 7:06 |
2. | «Mary, Mary So Contrary» | 6:21 |
3. | «Outside My Door» | 4:11 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
4. | «Yoo Doo Right» | 20:27 |
Total lengd | 38:05 |