Moonshadow Singel av Cat Stevens frå albumet Teaser and the Firecat | ||
B-side |
| |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | September 1970 (UK) June 1971 (USA) | |
Innspelt | Juli 1970 | |
Studio | Morgan Studios i Willesden i London | |
Sjanger | Folkrock, softrock | |
Lengd | 2:52 | |
Selskap | Island (UK/Europe) A&M (US/Canada) | |
Komponist | Cat Stevens | |
Tekstforfattar | Cat Stevens | |
Låtskrivar(ar) | Cat Stevens | |
Produsent | Paul Samwell-Smith | |
Cat Stevens-kronologi | ||
«Wild World» (1970) |
Moonshadow | «Peace Train» (1971)
|
«Moonshadow» er ein song skriven og framført av Cat Stevens, først gjeven ut som singel i Storbritannia i 1970 på Island og i USA i 1971 på A&M. Songen kom òg ut på albumet hans Teaser and the Firecat i 1971.
Stevens reknar dette som sin favoritt av dei gamle songane sine.[1] Då Yusuf dukka opp på The Chris Isaak Hour i 2009, sa han om denne songen:
«Eg var på ferie i Spania. Eg var ein gut frå West End - lyse lys og så vidare. Eg fekk aldri sjå månen åleine i mørket, det var alltid gatelykter. Så der var eg ved vasskanten ei vakker natt med månen glødande, og plutseleg såg eg ned og såg skuggen min. Eg syntest det var så kult, eg hadde aldri sett det før.»
Ein animert kortfilm med songen var ein del av spelefilmen Fantastic Animation Festival som vart gitt ut i 1977.[2] Animasjonen byrjar med eit stillbilete av Teaser og kjæledyret hans Firecat, avbilda slik dei ser ut på coveret til albumet som ber namnet deira. Biletet kjem til liv, og i løpet av animasjonen finn dei den falne månen, rir på han medan han flyg, og finn ein måte å erstatta han på himmelen. Byrjinga og slutten av historia vart skriven av Cat Stevens og fortalt av Spike Milligan.[2] Videoen blir òg vist som eit spesialinnslag på Majikat-konsert-DVD-en.[3]
I mai 2012 hadde Moonshadow, ein ny musikal av Yusuf med musikk frå heile karrieren hans, premiere på Princess Theatre i Melbourne, Australia. Framsyninga fekk blanda kritikkar og stengde fire veker før tida.[4][5]Somers, Sarah (4. juli 2012). «Moonshadow - The Musical Closes Early». Henta 14. april 2023.</ref>
Songen står oppført som «Moon Shadow» på både den britiske og amerikanske versjonen av singelutgivinga.[6][7]
«Moonshadow» nådde 30. plassen på den amerikanske Billboard Hot 100-lista og 10. plassen på Easy Listening-lista.[8]
Liste (1971) | Plassering |
---|---|
UK Singles (The Official Charts Company)[9] | 22 |
U.S. Billboard Easy Listening | 10 |
US Billboard Hot 100 | 30 |
Canada RPM[10] | 26 |
Canada RPM AC[11] | 20 |