Morten Bakke | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 16. desember 1968 (55 år) Sør-Aurdal |
Yrke | fotballspelar |
Høgd | 190 centimeter |
Morten Bakke (fødd 16. desember 1968) er ein norsk tidlegare fotballspelar, best kjend frå tida som målvakt i Molde Fotballklubb.
Bakke spelte på Fåberg IL til 1990-sesongen. I 1991 vart han overført til Molde FK. Han stod i mål for laget då Molde i 1994 sikra seg sin fyrste triumf i norsk toppfotball, kongepokalen i NM-finalen mot oslolaget Lyn. I 1995 vart han tildelt Kniksenprisen som beste målvakt i Noreg.
Bakke spelte to landskampar, begge utanlands om vinteren i høvesvis 2000 og 2001. Under EM i fotball 2000 var han med i troppa som tredjemålvakt. Sesongane 2001, 2002 var han Vålerenga-spelar. Etter å ha vorte vraka som fyrsteval reiste han til Raufoss IL, der han fekk lite speletid i 2003-04.