Morten Müller | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 13. februar 1828, 29. februar 1828 Holmestrand kommune |
Død |
10. februar 1911 (82 år) |
Yrke | kunstmålar, grafikar |
Sjanger | landskapsmåleri |
Medlem av | Det kongelege svenske kunstakademiet |
Morten Müller på Commons |
Morten Müller (28. februar 1828–10. februar 1911) var ein norsk landskapsmålar. Han er særleg kjend for sine romantiske tablå av fjordar og furuskogar. Müller var fødd i Holmestrand i Vestfold, og døydde i Düsseldorf i Tyskland.
Müller gjekk 1847-48 i lære hos Adolph Tidemand og Hans Gude i Düsseldorf i Tyskland. Seinare heldt han fram kunststudiane ved akademiet i byen under Johann Wilhelm Schirmer. Müller mottok påverknad frå August Cappelen og Marcus Larsson som han arbeidde i lag med i Stockholm frå 1850 til 1851.
Frå 1866 til 1873 bodde Müller i Oslo, der han frå 1870 saman med Knut Bergslien underviste på Johan Fredrik Eckersbergs målarskule. Deretter busette han seg i Düsseldorf og arbeidde der fram til han døydde.
I 1874 vart Müller hoffmålar og medlem av akademiet i Stockholm.
Müller vart tidleg ein omtykt målar. Arbeida hans er prega av teknisk godt utført måling, og effektfull framsyning av norsk natur. Bileta vart laga i atelier, der han var svært produktiv.
(utval) Nasjonalgalleriet i Oslo har seks bilete av Morten Müller, Bergens Museum to og Stockholm museum tre.