Morten Wold | |||
| |||
Fødd | 22. juni 1967 (57 år) Drammen kommune | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Framstegspartiet, Høgre | ||
Yrke | politikar, journalist | ||
Medlem | Unge Høgre | ||
Alle verv |
|
Morten Wold (fødd 22. juni 1967) er ein norsk politikar (Frp) som representerer Buskerud på Stortinget i perioden 2013-2017. På tinget sit han i helse- og omsorgskomitéen og er varamedlem til stortingsdelegasjonen til Nordisk Råd.[1]
Morten Wold er journalist av yrke og har jobba i både Bygdeposten på Vikersund, Fremtiden og Se og Hør. Frå 1997 til 2008 var han tilsett i Drammens Tidende. Han starta sin politiske karriere i Høgre, og representerte partiet i Modum kommunestyre 1987-1991.[2] I 2008 fekk han permisjon frå Drammens Tidende for å jobba som informasjonsrådgjevar i Frps stortingsgruppe.[3] Her har han vorte kjend som mediemannen til Frp-leiar Siv Jensen. Hausten 2011 vart han leiar av Modum Frp.[4]