Morten Ågheim | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 20. juli 1980 Mo i Rana |
Død | 8. juni 2017 (36 år) |
Idrett | skihopping |
Morten Ågheim (20. juli 1980–8. juni 2017)[1] var ein norsk tidlegare skihoppar frå Åga i Rana kommune. Han vart noregsmeister i normal bakke i 1999.
Ågheim debuterte i verdscupen i november 1997 på Lillehammer. Sesongen etter var han mellom dei aller beste skihopparane i Noreg, og gjorde enkelte sterke prestasjonar i verdscupen. Hans beste plassering i verdscupen kom då i Harrachov 20. desember 1998, ein 4. plass i stor bakke. Seinare i sesongen vart han samanlagd nummer 13 i den tysk-austerrikske hoppveka og var med på det norske laget som vart nummer 6 i laghoppinga under VM i Ramsau. Han vart noregsmeister då han vann tevlinga i normalbakken på Raufoss, med klar margin til sølvgutane Roar Ljøkelsøy og Christian Meyer. I 2000-sesongen vann Ågheim sølv i begge bakkane under NM-renna, begge gongane bak Lasse Ottesen. I internasjonale tevlingar makta han ikkje lengre å hevde seg. Han la opp 2002. Ågheim budde i Mo i Rana.