«Motherless Child Blues» er namnet på to heilt forskjellige tradisjonelle bluessognar. Både melodien og teksten er forskjellige. Den første vart gjort populær av Robert «Barbecue Bob» Hicks—den andre av Elvie Thomas.
Originaltekst av Motherless Child Blues ved Wikisource. |
«Motherless Child Blues» vart spelt inn av Hicks i 1927 og fortel om songaren si mangel på respekt, og mangel på begeistring, for kvinner generelt. Songen byrjar med teksten som gjev namn til songen:
Denne songen vart seinare spelt inn av Eric Clapton på albumet From the Cradle og kalla «Motherless Child».
Songen er òg spelt av jazzlegenda Jimmy Scott og i ein drum n' bass-omarbeiding av den skotske musikaren Colin Waterson.
Elvie Thomas spelte først inn hennar «Motherless Child Blues» med Geeshie Wiley i 1930. Denne songen fortel om ei dotter som ikkje følgjer råda til den døde mora si: