Mr. Wonderful Studioalbum av Fleetwood Mac | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 23. august 1968 | |
Innspelt | CBS Studio, London, april 1968 | |
Sjanger | Bluesrock | |
Lengd | 41:30 | |
Selskap | Blue Horizon | |
Produsent | Mike Vernon | |
Fleetwood Mac-kronologi | ||
---|---|---|
Fleetwood Mac (1968) |
Mr. Wonderful | The Pious Bird of Good Omen (1969 UK) English Rose (1969 USA)
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [1] |
Mr. Wonderful er det andre studioalbumet til det britiske bluesrockbandet Fleetwood Mac, gjeve ut i 1968. Som debutalbumet består albumet utelukkande av blues, men vart spelt inn på ein annan måte. Albumet vart spelt inn live i studio med mikrofonar på forsterkarane og PA-systemet, i staden for at instrumenta var plugga inn i miksepulten. Dei hadde òg med seg ei blåserekkje og Christine Perfect frå Chicken Shack spelte klaverinstrument. Ho gifta seg seinare med bassisten i bandet, John McVie, og vart fast medlem av bandet. Albumet vart ikkje gjeve ut i USA, men kring halvparten av songane kom med på albumet English Rose.
Ein utvida versjon av Mr. Wonderful var med i plateboksen The Complete Blue Horizon Sessions.
I motsetnad til den store suksessen debutalbumet Fleetwood Mac var, fekk dette albumet middels kritikk og selde dårlegare: Allmusic skildra det som «skuffande». Fire av songane, «Dust My Broom», «Doctor Brown», «Need Your Love Tonight» og «Coming Home» byrjar alle med det same Elmore James-riffet.[2]
Sputnik Music skildra stilen som vokalmessig konservativ, med barske manerar, og det høyres ofte ut som Green vandrar gjennom musikken som ein full mann. Den dårlege produksjonen gjer det heile verre, og både vokalen og instrumenta høyrest grumsete ut. [3]
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Stop Messin' 'Round» | Peter Green, C.G. Adams | 2:22 |
2. | «I've Lost My Baby» | Jeremy Spencer | 4:18 |
3. | «Rollin' Man» | Green, Adams | 2:54 |
4. | «Dust My Broom» | Elmore James, Robert Johnson | 2:54 |
5. | «Love That Burns» | Green, Adams | 5:04 |
6. | «Doctor Brown» | J. T. Brown, W. Glasco | 3:48 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Need Your Love Tonight» | Spencer | 3:29 |
2. | «If You Be My Baby» | Green, Adams | 3:54 |
3. | «Evenin' Boogie» | Spencer | 2:42 |
4. | «Lazy Poker Blues» | Green, Adams | 2:37 |
5. | «Coming Home» | James | 2:41 |
6. | «Trying So Hard to Forget» | Green, Adams | 4:47 |
Fleetwood Mac
Andre medverkande
Produksjon