Mugdrum Island | |
---|---|
Mugdrum sett frå Newburgh | |
Geografi | |
Stad | Firth of Tay |
Koordinatar | 56°22′N 3°15′W / 56.36°N 3.25°W
|
Areal | 0,13 km²
|
Høgaste punkt | 4 moh. |
Administrasjon | |
Land | Skottland |
Region | Fife
|
Demografi | |
Folketal | 0
|
Mugdrum Island er ei øy i Firth of Tay, utanfor byen Newburgh i Fife, aust i Skottland.[1]
Mugdrum er ei lågtliggande, sivdominert øy med sunda North Deep og South Deep på kvar side. Øya har eit areal på 0,13 km².[1]
Namnet kjem frå muc-dhruim, som er skotsk-gælisk for svinerygg. Namnet vart opphavleg nytta om kysten innanfor øya.[1]
Siva på øya vart tidlegare hausta inn for halmtekking og for å verne potetene under omlasting. Fram til 1926 låg det ein gard på øya. Øya er i dag eit naturreservat underlagt Tay Valley Wildfowlers' Association.
I Laing Museum i Newburgh kan ein sjå ei utstoppa utgåve av ein katt med to hovud som vart fødd på Mugdrum på 1800-talet.