Munksnäs

Munksnäs bydel i Helsingfors

Munksnäs (finsk Munkkiniemi) er ein bydel i Helsingfors i Finland. Han består av bustadsstrøka Gamla Munksnäs, Granö, Lövö, Munkshöjden, Näshöjden og Talistranden. Det var 16 942 innbyggjarar i Munksnäs i 2008.

Hotell Fiskartorpet, kongressdelen, teikna av Jarl Eklund

Innbyggjarane i Munksnäs har i gjennomsnitt høgare utdanning og betre råd enn i heile Helsingfors. Rundt 12 % av innbyggjarane er svensktalande. Munksnäs ligg ved Bredviken. På andre sida av Bredviken ligg Otnäs i Esbo med Tekniska högskolan.

Munksnäs ligg i tidlegare Hoplax kommune som vart slått saman med Helsingfors i 1946.