Muslingkalk

Muslingkalksklipper ved breidda av elva Wutach sør i Baden-Württemberg.

Muslingkalk er eit geologisk lag og syner til den mellomste hovedavdelinga av triassystemet i Tyskland og tilgrensande område. Lagrekka består av kalkstein og dolomitt med mektigheit på ca. 300 meter med lag av steinsalt og gips.

Han er rik på fossil, mellom anna av sjølilja Encrinus.