Muzayrib | |||
مزيريب | |||
by | |||
Land | Syria | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Daraa guvernement | ||
Distrikt | Daraa-distriktet | ||
Nahiyah | Muzayrib | ||
Koordinatar | 32°42′39.2″N 36°1′35.8″E / 32.710889°N 36.026611°E | ||
Folketal | 12 640 (2004)[1] | ||
Tidssone | EET (UTC+2) | ||
Muzayrib 32°42′39″N 36°01′36″E / 32.71088889°N 36.02661111°E | |||
Kart som viser Muzayrib.
| |||
Wikimedia Commons: Muzayrib |
Muzayrib (arabisk مزيريب, òg skrive Mzerib eller Mzereeb) er ein by sør i Syria i Daraa guvernement, nordvest for Daraa ved grensa til Jordan. Av stader i nærleiken finn ein al-Shaykh Saad og Nawa i nord, Da'el, Tafas og al-Shaykh Maskin i nordaust, og al-Yadudah i søraust. I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå, Muzayrib eit folketal på 12 640 i 2004.[1] Byen er òg det administrative senteret i Muzayrib nahiyah som består av ni landsbyar med eit samla folketal på 72 625.[1] Muzayrib har òg eit samfunn av palestinske flyktningar.[2]
Under osmanarane var byen kjend for kjeldene og basarane sine, og var den første store kvilestaden langs hadj-karavaneruta frå Damaskus til Mekka. Byen tente i lag med al-Shaykh Saad som adminstrative senter for regionen Hauran.[3] På 1500-talet vart det bygt ei festning på ordre frå den osmanske sultanen Selim I. Festninga hadde ein bøygd port, i motsetnad til andre fort i Haji som hadde ein rett inngang og vart bygd frå lokal, mørkegrå og hard basaltisk stein.[4]
I staden for lokale janitsjarar vart det sett ut soldatar ved festninga i Muzayrib.[5] Festnigna låg strategisk til i området bortanfor Damaskus, og demonstrerte den osmanske makta over Damaskus, som ofte gjorde opprør, både blant folket og dei lokale janitsarane. Leiarane i Damaskus heldt derfor streng kontroll over Muzayrib. På grunn av plasseringa langs pilegrimsruta Hajj vart det oppbevart store mengder tørrkaker i fortet for å gje dei til pilegrimane som var avhengig av kakene for når dei kryssa ørkenen, eller som reserveforsyningar for innbyggjarane i Damaskus.[6]
Mellom 1517 og 1757 vart hajj-karavanen ved Muzayrib angripe fem gonger av beduinar.[7] I 1770 vart den egyptiske opprørshæren til Ali Bey leia av Ismail Bey og ein alliert styrke leia av Dhaher al-Omar, den arabiske sjefen i Galilea, stoppa ved Muzayrib på veg for å erobre Damaskus. Då dei nådde Muzayrib for å møte guvernør Uthman Pasha, valde Ismail Bey å trekkje seg attende, fordi møtet skjedde samtidig med at hajj-karavanen kom til byen. Dhaher var imot tilbaketrekkinga.[8]
På 1800-talet inneheld fortet i Muzayrib store lagerhus, mindre bygningar og ein liten moske. Ei kjelde i nordaust tømde seg i eit lite tjern med mykje fisk. Ruinar låg langs vestsida av kjelda. Hajj-pilegrimane som kom til Muzayrib, som framleis var ein viktig kvilestad til karavaneruta, vart verande att i fleire dagar, og under kvar hajj vart det halde ein open marknad.[9] Ein turist skreiv mot slutten av hundreåret at staden ville ha blømd om det ikkje hadde vore for dei myrlendte områda kring som skapte mygg og feber.[10]
Byen vart knytt til det osmanske telegrafnettverket i Damaskus i 1875. Ein 103 km lang smalsporsbane mellom Muzayrib og Damaskus opna den 14. juli 1894. Linja vart forlenga til hamnebyen Beirut i 1985.[11] Jernbanen vart bygt langs ei underutvikla handelsrute og var økonomisk mislukka. Men det hjelpte å opne opp Libanon og utvikle jordbruksindustrien i dei frodige, vulkanske slettene i Golan og Hauran, og gjer dei til leiande produsentar av kveite i Midtausten.[12]