My Brave Face Singel av Paul McCartney frå albumet Flowers in the Dirt | ||
B-side |
«Flying to My Home» (7") | |
---|---|---|
Utgjeve | 8. mai 1989 (Storbritannia) 27. mai 1989 (USA) | |
Innspelt | Oktober 1988 Olympic Studios i London | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 3:19 | |
Selskap | ||
Låtskrivar(ar) | ||
Produsent | ||
Paul McCartney-kronologi | ||
«Once Upon a Long Ago» (1987) |
My Brave Face | «This One» (1989)
|
«My Brave Face» er ein song frå Paul McCartney frå 1989 på albumet Flowers in the Dirt. Han var skriven av McCartney og Elvis Costello og vart gjeven ut på singel. Songen nådde 18. plassen i Storbritannia ei veke etter han kom ut på singel, og 25. plassen i USA.[1][2] Det vart den siste songen til McCartney på Topp 40 på Billboard Hot 100 fram til 2014 og samarbeidet med Kanye West.
«My Brave Face» vart først spelt inn av McCartney og Costello tidleg i 1988. Utdrag frå denne innspelinga vart sidan nytta i dokumentarfilmen Put It There. Den endelege versjonen av songen vart spelt inn same året i Olympic Studios i London, med produsenten Mitchell Froom.[3] Seinare la David Rhodes til ein «ebow-gitar» i Olympic Studios.[4] I følgje dokumentarfilmen Put It There bad Costello McCartney om å ta med den ikoniske Höfner fiolinbassen, som han ikkje hadde spelt på årevis, til innspelinga. I dag nytta McCartney framleis denne bassen.
A-side:
B-side:
A-side:
B-side:
Musikkvideoen for «My Brave Face» vart filma i april 1989, regissert av Roger Lunn.[6] Han var mykje å sjå på videokanalar det året og kom i 2007 ut på videosamlinga The McCartney Years.
Liste (1989) | Plassering |
---|---|
Australian ARIA Singles Chart[7] | 30 |
Den belgiske singellista (Flandern)[8] | 16 |
Canadian RPM Top 100 Singles[9] | 17 |
Canadian RPM Adult Contemporary[10] | 29 |
Den nederlandske singellista[11] | 15 |
Den franske singellista[12] | 31 |
Irish Singles Chart[13] | 6 |
Den norske VG-lista[14] | 4 |
Den spanske singellista[15] | 13 |
Den svenske singellista[16] | 19 |
Den sveitsiske singellista[17] | 25 |
UK Singles Chart[1] | 18 |
US Billboard Hot 100[2] | 25 |
US Billboard Adult Contemporary[2] | 4 |
US Billboard Mainstream Rock[2] | 12 |
Den vesttyske Media Control-lista[18] | 29 |