My Girl Josephine Singel av Fats Domino frå albumet ...A Lot of Dominos! | ||
Utgjeve | 1960 | |
Sjanger | Rhythm and blues | |
Selskap | Imperial
5704 | |
Låtskrivar(ar) | Fats Domino, Dave Bartholomew |
---|
«My Girl Josephine» er ein song skriven av Fats Domino og Dave Bartholomew. Domino spelte inn songen for Imperial Records i 1960, og han nådde sjuandeplassen på Billboard R&B-lista og 14. plassen på Billboard pop-lista.[1] Songeen er òg stundom oppført med tittelen «Josephine» og «Hello Josephine».
Songen er blitt spelt av fleire andre artistar, som Bill Black's Combo, Curley Bridges, Van Broussard, Snooks Eaglin, Chris Farlowe, The Flamin' Groovies, Michael Herman, The Holmes Brothers, Jerry Jaye, Jerry Lee Lewis, Johnny Rivers, Sandy Nelson, Tracy Pendarvis, Queen Ida & Her Zydeco Band, Noel Redding, Warren Storm, Super Cat, Them og Billy Vera, blant fleire.[2][3]