My Prayer Singel av The Platters | ||
B-side |
«Heaven On Earth» | |
---|---|---|
Utgjeve | 1956 | |
Sjanger | Pop | |
Lengd | 2:48 | |
Låtskrivar(ar) | Georges Boulanger, Jimmy Kennedy | |
The Platters-kronologi | ||
«(You've Got) The Magic Touch» (1956) |
My Prayer | «Heaven on Earth»(1956)
|
«My Prayer» er ein popsong frå 1939 av salongfiolinist Georges Boulanger med tekst av Jimmy Kennedy. Han vart skriven av Boulanger med tittelen «Avant de Mourir» i 1926. Teksten til denne versjonen vart skriven av Kennedy i 1939. Glenn Miller spelte inn songen det året og nådde andreplassen på singellista og versjonen til The Ink Spots med Bill Kenny nådde tredjeplassen same året.[1] Han har blitt spelt inn mange gonger sidan den gong, men den største hitversjonen vart spelt inn i 1956 av The Platters.[2] Denne versjonen nådde førsteplassen på lista og var med i filmen The Curious Case of Benjamin Button i 2008 og filmen Mischief i 1985. Billboard rangerte denne versjonen på fjerdeplassen for 1956.[3] The Ink Spots-versjonen av songen vart nytta i filmen Malcolm X i 1992. Songen vart òg ein tango på italiensk av Norma Bruni og Cinico Angelini-orkesteret (1940), «Sì, voglio vivere ancor!".[4]