Mâliâraq Vebæk | |
![]() | |
Statsborgarskap | Kongeriket Danmark |
Fødd | 20. april 1917 Narsarmijit |
Død |
25. februar 2012 (94 år) |
Yrke | lærar, skribent, omsetjar |
Språk | grønlandsk |
Far | Josva Kleist |
Ektefelle | Christen Leif Vebæk |
Mâliâraq Vebæk på Commons |
Mâliâraq Vebæk (fødd Marie (Mâliâraq) Athalie Kitura (Qituraq) Kleist, 20. april 1917–25. februar 2012) var ein grønlandsk forfattar og lærar.[1]
Vebæk var fødd i 1917 i Narsarmijit (då Frederiksdal). Foreldra hennar var Hans Hoseas Josva Kleist og Bolette Marie Ingeborg Chemnitz, og både faren og morfaren var prestar. Far hennar var også politisk aktiv og sat i kommunerådet i Nanortalik kommune og i Grønlands Landsråd. Ho gifta seg med arkeologen C.L. Vebæk i 1945, og dei fekk to barn i lag.
I 1932 blei det oppretta ein efterskole (vidareuddanning etter folkeskolen) for jenter i Aasiaat. Her kom ho inn, og sjølv om det var ein "eliteskule", gjekk ho ut som den beste eleven i årgangen sin, medrekna den tilsvarande etterskulen for guttar. Takka vera dette fekk ho av tilbod av Komiteen for Grønlænderinders Utdaning om vidareutdanning i Danmark. I 1939 tog ho lærareksamen frå Th. Langs Seminarium i Silkeborg, og flytta så tilbake til Grønland.
Etter 2. verdskrigen flytta ho og ektemannen til Danmark, men ho var fleire gongar tilbake på Grønland etterflyttinga. Både ho og ektemannen forska på den munnlege forteljartraditionen på Grønland, og ho samla eit omfattande materiale som blei formidla i bøker og artiklar i avis og tidsskrift. Ho arbeidde òg som tolk og for Grønlands Radio. Gjennomgåande motiv i forfattarskapen hennar er den grønlandske identiteten i eit samfunn som er i rask utvikling, og den grønlandske kvinna, som ho som den fyrste gjev ei stemme i litteraturen. Dei to motiva er særleg avspegla i hennar Historien om Katrine og etterfølgjaren Tretten år efter. Den fyrste er i tillegg til å koma ut på grønlandsk også kome ut på dansk og russisk. Dei siste åra av til livet til forfattaren gjekk med å skriva ned og redigera den store mengda bandopptak av sørgrønlandsk folklore, som er kome ut på grønlandsk og dansk i heilskap. Ein versjon av historia om eit besøk hjå Havmora er omsett til dansk, engelsk og nederlandsk.
Dei siste åra av livet budde ho i Søborg, litt utanfor København. Det var her ho døydde.
Ho er gravlagd på Gladsaxe kyrkjegard.