Nahal Betzet | |||
elv | |||
Nahal Betzet
| |||
Land | Libanon, Israel | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Nord-Israel | ||
Nahal Betzet 33°04′22″N 35°12′52″E / 33.0728°N 35.2144°E | |||
Wikimedia Commons: Nahal Betzet |
Nahal Betzet (hebraisk נחל בצת, arabisk Wadi Karkara) er ei elv som tidlegare rann heile året og no berre renn nokre delar av året i Øvre Galilea i Israel.
Elva kryssa grensa frå Libanon til Israel mellom Shtula og Zar'it, og flyt vestover, før ho munnar ut i Middelhavet sør for Rosh HaNikra. Elva renn langs ei forkastinggjennom dolomittstein og kalkstein, og får vatn langs leia frå fleire kjelder. I dag pumpar Mekorot (det nasjonale vasskompaniet) vatn frå kjeldene til elva, og har fått skulda for at elva stundom tørkar inn.[1] Det er danna mange grotter langs breidda av elva, mellom anna Keshetgrotta.
Det meste av elva er ein del av eit naturreservat som har dette namnet.[2] Reservatet vart oppretta i 1972[3] og delar av området strekkjer seg til grensa til Libanon.