Neal Smith | |||
| |||
Fødd | 23. september 1947 (77 år) Akron i Ohio | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Akron | ||
Opphav | USA | ||
Sjanger | Rock, hardrock, heavy metal | ||
Instrument | trommer | ||
Tilknytte artistar | Alice Cooper | ||
Verka som | Musikar, låtskrivar |
Neal Smith (fødd 23. september 1947) var trommeslagar for rockegruppa Alice Cooper frå 1967 til 1974. Han spelte på dei tidlege albuma til bandet som Pretties For You og Easy Action, gjennombrotet Love It to Death og dei påfølgjande suksessalbuma Killer, School's Out og Billion Dollar Babies. Det siste albumet hans med Alice Cooper var Muscle of Love.
Billion Dollar Babies var òg namnet som han starta i lag med dei tidlegare Alice Cooper-medlemmane Michael Bruce, Dennis Dunaway og Neal Smith i lag med Bob Dolin og Mike Marconi etter at gruppa Alice Cooper gav seg i 1974.
Smith har vore eigedomsmeklar i New England sidan tidleg i 1980-åra, men har òg halde fram som musikar.
Neal Smith spelar på tre songar på Alice Cooper-albumet Welcome 2 My Nightmare frå 2011.