Nebulium

Kattaugetåka (NGC 6543).

Nebulium er eit hypotetisk grunnstoff innført for å forklare dei sterkaste linjene i spekteret frå lysande gasståker. Det vart først funne i ei stjernetåke av William Huggins i 1864. Ira Sprague Bowen viste i 1927 at desse linjene kan skapast av oksygen og nitrogen under spesielle fysiske forhold som er vanskelege å gjenskape i laboratoriet.