Nedenes

Nedenes er ein tidlegare storgard i Arendal kommune (tidl. Øyestad kommune) i Aust-Agder, ved fylkesveg 420 om lag 10 km sør for Arendal sentrum. Nedenes var kongsgard i mellomalderen og seinare sentrum i Nedenes len, som omfatta kystbygdene i noverande Aust-Agder. Etter innføringa av eineveldet vart Nedenes embetsgard for fogden i Nedenes fogderi.

«Nedenes» i Store norske leksikon, snl.no.