Neve Mivtah | |||
moshav | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Region | Den sørlege kystsletta | ||
Distrikt | Det sørlege distriktet | ||
Kommune | Be'er Tuvia | ||
Koordinatar | 31°48′19.08″N 34°44′27.6″E / 31.8053000°N 34.741000°E | ||
Folketal | 642 (2015) | ||
Grunnlagd | 1950 | ||
• Grunnlagd av | polske immigrantar | ||
Tilhøyrsle | Moshavrørsla | ||
![]() Neve Mivtah 31°48′19″N 34°44′28″E / 31.8053°N 34.741°E | |||
Wikimedia Commons: Neve Mivtah |
Neve Mivtah (hebraisk skrift נְוֵה מִבְטַח, tyder 'Tiltruoasen') er ein liten moshav heilt nord i Be'er Tuvia regionale kommune, like sør for Bnei Ayish og Gedera. Han grensar til moshaven Bitzaron i sør, jordbruksskulen Kannot i aust, moshaven Misgav Dov i nord, og Kvutzat Yavne i vest.
Moshaven vart grunnlagd i 1950 ppå landområdet til den arabiske landsbyen Bashit,[1] og er i dag busett av kring 120 familiar.
Først var denne busetnaden ein mellombels ma'abara for 60 immigrantfamiliar som hadde overlevd Holocaust i Polen,[1] som ei utviding av den eldre moshaven Bitzaron. Innbyggjarane budde i tin hus, gjevne av Jewish Agency for Israel. Sidan han ikkje var ein sjølvstendig moshav, måtte dei framtidige innbyggjarane veksle inn matkupongar, som dei fekk av byrået, i sentrum av Bitzaron. Innbyggjarane i Bitzaron tente pengar på matlageret, og mange gonger måtte innbyggjarane gå attende til ma'abara-leiren utan noko. Dei valde å skilje seg frå Bitzaron og i 1950 vart Neve Mivtah grunnlagd.
Moshav er omgjeve av militærbasar, som Hatzor flybase og Tel Nof flybase. På grunn av dette og tryggleikskjensla dette gav, fekk moshaven namnet sitt, inspirert av Salmane: