Newport Folk Festival er ein årleg amerikansk musikkfestival med hovudsakleg visesong og folkemusikk som vert arrangert i Newport i Rhode Island. Han vart gjennomført første gong i 1959. Fleire viktige hendingar i historia til populærmusikken har skjedd på denne festivalen, blant anna då Bob Dylan spelte elektrisk i 1965.
Newport Folk Festival vart starta i 1959 av Theodore Bikel, Oscar Brand, Pete Seeger og George Wein, grunnleggjar av han allereie godt etablerte Newport Jazz Festival, og partnaren hans, Albert Grossman.
Festivalen er kjend for å ha introdusert utøvarar som seinare vart betydelege stjerner, særleg Joan Baez, som opptredde som uanmeldt gjest for Bob Gibson i 1959, og Bob Dylan (som hadde Grossman som manager) som for første gong opptredde på Newport i 1963 og som er generelt anerkjend som den første nasjonale framferda hans. Dylan vart den musikaren som er mest kjend (eller berykta) for tilknytinga si til festivalen. I 1963 og 1964 vart Dylan forbunde med Joan Baez (som sjølv hadde vore ein av dei første som vart oppdaga på den første festivalen i Newport i selskap med Chicago-musikaren Bob Gibson).
Festivalen har fokus på folkemusikk i ein vid og laus forstand. Festivalen var assosiert med den nye interessa på 1960-talet for blues der musikarar som hadde vore «tapt» sidan 1940-talet (jfr. deltablues) vart «gjenoppdaga».
Konsertane har vore ei rik kjelde for opptak. Murray Lerner regisserte ein film frå festivalen som vart gjeven ut i 1967, basert på framsyningar frå åra 1963-1965, i dag tilgjengeleg på DVD.
Newport Folk Festival fekk vanskelegare tider på slutten av 1960-talet, og måtte òg halda stengt i fleire år, men byrja på nytt i 1971. Musikkfestivalen fekk ei fornying og ein ny vår i 1985 og har sidan vorte ein av det viktigaste musikkfestivalane for hovudsakleg akustisk og folkemusikk i USA ved sida av Philadelphia Folk Festival som byrja i 1960.
Festivalen har vorte gjennomført utan avbrot sidan 1985, om enn i ei anna form enn i stordomstida på 1960-talet. Frå å baserast utan profitt har han vorte profittbasert, og publikum har minska frå 20 000 til 10 000 og kveldskonsertane har vorte avlyst.[1] I tillegg har det kome inn kommersielle sponsorar som Ben & Jerry's og Dunkin' Donuts. Festivalen i 2007 hadde musikarar som Linda Ronstadt som var hovudattraksjon på fredagskvelden i tillegg til andre velkjende musikarar som Allman Brothers Band, Emmylou Harris, Alejandro Escovedo, Cheryl Wheeler, Hazel Dickens og Ralph Stanley.
I 1998 kom ein samansetjing med mange musikarar, berre laust knytte til folkemusikk, som har turnert i USA under tilnamnet «Newport Folk Festival Tour». Dei spelte på nettverket for ordinære amfiteatra utandørs.
Den første gruppa omfatta musikarar som Lyle Lovett, Nanci Griffith, Alison Krauss, John Hiatt, Newport-veteranen Joan Baez, Wilco, Suzanne Vega, Loudon Wainwright III, Lucinda Williams, og Jimmie Dale Gilmore.[2]