Nic Potter | |||
Nic Potter i 2007 | |||
Fødd | 18. oktober 1951 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Wiltshire | ||
Død | 16. januar 2013 (61 år) | ||
Dødsstad | London | ||
Alias | Mozart | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Aktiv | 1968–2013 | ||
Sjanger | progressiv rock | ||
Instrument | Bassgitar, elektrisk gitar | ||
Tilknytte artistar | Van der Graaf Generator, Peter Hammill, The Misunderstood | ||
Verka som | Bassist, komponist |
Nic Potter (18. oktober 1951–16. januar 2013) var ein britisk bassist, komponist og målar, mest kjend som medlem av gruppa Van der Graaf Generator i 1970-åra.
Nic Potter var fødd i Wiltshire og slutta på skulen då han var 15 for å bli snikkar. Den eldre systera Sally, er ein kjend filmregissør.[1] 16 år gammal vart han med i The Misunderstood, samstundes med trommeslagaren Guy Evans, som kom med frå Van der Graaf Generator, som då hadde ein kort pause. Då Van der Graaf valde å kome saman att etter utgjevinga av The Aerosol Grey Machine, og den tidlegare bassisten Keith Ellis valde å gå til Juicy Lucy i staden for, tilrådde Evans Potter som erstattar.[2]:49
Potter vart først med på albumet The Least We Can Do Is Wave To Each Other, og spelte òg noko elektrisk gitar på eit par songar i tillegg til bass. Halvvegs gjennom innspelinga av det neste albumet, H to He, Who Am the Only One (1970), slutta han i gruppa. På resten av albumet spelte organisten Hugh Banton bass, og tok over basslinjene med basspedalar på konsertane deira.
Potter heldt kontakten med bandet, og i 1971 spelte han bass på det første soloalbumet til Peter Hammill, Fool's Mate, på albumet til Colin Scot', Colin Scot og med bandet Magna Carta. I 1970-åra spelte han òg med Jeff Beck, Chuck Berry, Rare Bird og Steve Swindells. I 1973 samarbeidde han på prosjektet The Long Hello. Han spelte bass på Peter Hammill-albumet Over (1977).
I 1977, då Hugh Banton og David Jackson slutta Van der Graaf Generator, vart Potter beden om å kome attende. Han spelte på både The Quiet Zone/The Pleasure Dome (1977) og det doble konsertalbumet Vital (1978). Han var derimot framleis ikkje komfortabel med dynamikken i bandet og skildra det som «stundom kjennes det som ei sky kjem ned - ei særs illevarslande kjensle»[3] Han vart særleg uroa på ein konsert i Annecy i Frankrike, der nokon hadde prøvd å utføre ein eksorisme medan bandet spelte på scenen, og måtte hjelpast attende garderoben.[3]
Gjennom 1980- og 1990-åra fortsette Potter å spele og turnere med Peter Hammill, mellom anna som bassist for The K-Group (1981–1985), og med The Tigers (1980) og Duncan Browne (1984). I 1983 starta han ein solokarriere, og gav ut fleire album med hovudsakleg elektronisk musikk. I 1985 produserte Potter og spelte bass på det posthume albumet Songs of Love and War av Duncan Browne. I 2008 publiserte Potter konsertalbumet Live in Italy, i lag med mange musikarar som David Jackson og Tony Pagliuca (Le Orme).