Nightingale Singel av Carole King frå albumet Wrap Around Joy | ||
B-side |
You're Something New | |
---|---|---|
Utgjeve | 17. desember 1974 | |
Sjanger | Pop / rock | |
Lengd | 3:36 | |
Selskap | Ode Records | |
Låtskrivar(ar) | Carole King og David Palmer | |
Produsent | Lou Adler | |
Carole King-kronologi | ||
«Jazzman» (1974) |
Nightingale | «Only Love Is Real» (1976)
|
«Nightingale» er ein song skriven av Carole King og David Palmer.
«Nightingale» dukka først opp på albumet hennar Wrap Around Joy, som kom ut i midten av juli 1974, men vart gjeven ut som singel i desember. Songen har sidan vorte sett på mange av samlealbuma hennar, inkludert det sertifiserte platinaalbumet hennar Her Greatest Hits: Songs of Long Ago.
Songen, til liks med albumet Wrap Around Joy, fekk ein treig start, men nådde til slutt høgt på listene. «Nightingale» nådde niandeplassen på Billboard Hot 100, 1. mars 1975, og heldt veka før det på toppen av Easy Listening-lista.[1]
Medan Carole King er songar på denne songen i 1974-versjonen, song døtrene hennar Louise Goffin og Sherry Goffin korvokal. På den tida var dei barn.
Billboard uttalte at «Nightingale» er ein retur til den tidlegare stilen hennar samanlikna med hennar førre singel «Jazzman» og har «fine mjuke melodiar sett i gang av hennar særegne vokalisering.»[2] Cash Box sa at «den solide knaggen sementerer den kraftige kombinasjonen av skarpe tekstar og fengjande musikalsk kjensle.»[3] Songen er ein kritisk del av handlinga i «The Night Bird», ein psykologisk spenningsroman av Brian Freeman. I romanen blir songen brukt som ein trigger for å vekka hypnotisk undertrykte fobiar hos psykiatriske pasientar, noko som får dei til å begå sjølvmord.
Liste (1974–75) | Plassering |
---|---|
Billboard Hot 100 | 9 |
Billboard Easy Listening[1] | 1 |