Nightlife Studioalbum av Thin Lizzy | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 8. november 1974 | |
Innspelt | April og september 1974[1] | |
Studio | Saturn i Worthing; Trident og Olympic i London[2] | |
Sjanger | ||
Lengd | 37:11 | |
Selskap | Vertigo Mercury (Canada only) | |
Produsent | Ron Nevison og Phil Lynott | |
Thin Lizzy-kronologi | ||
---|---|---|
Vagabonds of the Western World (1973) |
Nightlife | Fighting (1975)
|
Singlar frå Nightlife | ||
Nightlife er det fjerde studioalbumet til det irske rockbandet Thin Lizzy, gitt ut 8. november 1974 ¨på Vertigo Records. Det vart produsert av Ron Nevison og bandleiar Phil Lynott, og var det første albumet med bandet som kvartett med nykommarane Scott Gorham og Brian Robertson på gitar.
Nokre nyutgivingar, og av og til andre kjelder, stavar albumtittelen som Night Life, det same som songtittelen. Den opphavlege albumtittelen er likevel Nightlife.[1]
Songen «Philomena» vart skriven til mor til Lynott.[1]
Plateomslaget var designa av Jim Fitzpatrick og syner ein panterliknande skapning i eit bymiljø. Panteren er ofte rekna for å representera Lynott,[1] men Fitzpatrick har stadfesta at panteren refererte til Black Panthers og afroamerikanske politiske personar som Malcolm X og Martin Luther King jr.[6]
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
Collector's Guide to Heavy Metal | 7/10[8] |
Stephen Thomas Erlewine frå AllMusic skildra Nightlife som ei «undervurdert perle av ei plate», men ein «fullstendig anomali i katalogen deira» ... «ei dempa, sjelfull plate, glatt på måtar som Thin Lizzy aldri var før og sjeldan var etterpå». Han trekkjer fram «She Knows» som «forsiktig drivande, [og] fullstendig avhengnadsskapande», men legg til at det «framleis er augneblink med tøff, primal rock 'n' roll», som «It's Only Money» og «Sha La La».[7] Martin Popoff vurderte albumet som «meir gåtefullt, oppriktig og filosofisk komplekst enn mykje annan rock 'n' roll der ute på den tida», men òg «for fjernt frå hjartet og sjela til bandet» og openlyst inn i svart musikk, med Lynott «søkjande etter måtar å hylla rasearven sin på.»[8]
Alle spor skrivne av Phil Lynott, utanom der andre er nemnde
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «She Knows» | Scott Gorham, Lynott | 5:13 |
2. | «Night Life» | 3:57 | |
3. | «It's Only Money» | 2:47 | |
4. | «Still in Love with You» | 5:40 | |
5. | «Frankie Carroll» | 2:02 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
6. | «Showdown» | 4:32 | |
7. | «Banshee» | 1:27 | |
8. | «Philomena» | 3:41 | |
9. | «Sha La La» | Brian Downey, Lynott | 3:27 |
10. | «Dear Heart» | 4:35 |
Songen «Night Life» låner tittel og refreng frå Willie Nelson-songen «Night Life» frå 1960, men Nelson er ikkje kreditert på albumet.[9]
På kassettversjonen var plasseringa av «She Knows» og «Showdown» byta om.
Ei ommastra luksusutgåve på to CD-ar med Nightlife kom ut 12. mars 2012.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «She Knows» (BBC Session, 3. oktober 1974) | 5:10 |
2. | «Sha-La-La» (BBC Session, 3. oktober 1974) | 3:38 |
3. | «It's Only Money» (BBC Session, 3. oktober 1974) | 2:44 |
4. | «Philomena» (BBC Session, 3. oktober 1974) | 3:43 |
5. | «Dear Heart» (BBC Session, 23. oktober 1974) | 4:28 |
6. | «Banshee» (BBC Session, 23. oktober 1974) | 2:43 |
7. | «Showdown» (demo med Gary Moore) | 3:53 |
8. | «Still in Love with You» (demo med Gary Moore) | 6:27 |
9. | «It's Only Money» (demo med Gary Moore) | 2:55 |
10. | «Showdown» (alternativt opptak) | 4:37 |
11. | «Still in Love with You» (røff vokalmiks) | 6:02 |
Total lengd | 46:20 |