Nils Kristen Sandtrøen

Nils Kristen Sandtrøen
Fødd2. februar 1989 (35 år)
Tynset kommune
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
Alle verv

Nils Kristen Sandtrøen (fødd 2. februar 1989) er ein norsk politikar frå Tynset. Han har sidan 2017 representert Hedmark og ArbeidarpartietStortinget.

Sandtrøen var aktiv i AUF og deltok i 2011 på fylkinga sin sommarleir på Utøya. Han overlevde terroråtaket ved å symje frå øya. Sidan var han journalist i Aftenposten og i Arbeidets Rett, samt 2014-15 rådgjevar for stortingsgruppa til Arbeidarpartiet. Hausten 2015 vart han vald til kommunestyremedlem i Tynset, og deretter varaordførar 2015-17 for Tynset.

Gjennom stortingsvalet 2017 fekk Sandtrøen plass på Stortinget, attvald i 2021. Perioden 2017-21 hadde han sete i Næringskomiteen.