Nir David | |||
landsby | |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Region | Beit She'an-dalen nær byen Jenin | ||
Distrikt | Nord distrikt | ||
Kommune | Emeq ha-Ma'ajanot | ||
Koordinatar | 32°30′13″N 35°27′26″E / 32.50361°N 35.45722°E | ||
Folketal | 663 (2015) | ||
Grunnlagd | 1936 | ||
• Grunnlagd av | Hashomer Hatzair | ||
Tilhøyrsle | Kibbutzrørsla | ||
Nir David 32°30′13″N 35°27′26″E / 32.503611111111°N 35.457222222222°E | |||
Kart som viser Nir David.
| |||
Wikimedia Commons: Nir David | |||
Nettstad: www.nir-david.org.il |
Nir David (hebraisk נִיר דָּוִד, tyder 'Davidsenga') er ein kibbutz i Beit She'an-dalen nord i Israel. Han vart grunnlagd 10. desember 1936 som Tel Amal, den andre av tårn og palisade-busetjingane, og er i dag ein del av Emeq ha-Ma'ajanot regionale kommune.
Nir David-pionerane oppstod i byen Ramat Gan i 1932. Dei første medlemmane var grunnleggjarane av sionistungdsomsrørsla Hashomer Hatzair i Israel. I 1933 slo gruppa seg saman med kibbutzen «Massad» frå Polen (ingen samanheng med Massad fellesbusetnad i Nedre Galilea, eller «Massad»-gruppa som grunnla den nærliggande kibbutzen Kfar Ruppin). I 1934 sende samfunnet ei gruppe til Beit She'an-dalen for å dyrke land der som Jewish National Fund hadde kjøpt for framtidige busetjingar i regionen. Medlemmane i kibbutzen byrja å drive jordbruk kring Tel Shuk, der kibbutzen seinare vart grunnlagd. Då arabararopprøret byrja natt til 20. april 1936 vart den første kveiteavlingane til kibbutzen sett i brann og plantene og frøplantene vart rivne opp med rota.
Pionerande vendte trass i farande attende. Med fare for arabisk terror og motstand frå britane, la dei ein plan om å bygje festningsverk i busetnaden for å kunne stå i mot åtak. Den 10. desember 1936 vart Tel Amal grunnlagd som den første tårn og palisade-busetjinga (og den første kibbutzen) i Beit She'an-dalen, og den andre i heile Palestinamandatet etter Kfar Hittin. Dei neste tre åra, under arabararopprøret, vart 52 slike busetjingar bygd i raskt tempo.
I 1940-åra vart kibbutzen kalla Nir David til ære for David Wolfsohn, den andre leiaren i World Zionist Organization.[1]
Kibbutzen har i dag over 650 vaksne medlemmar og barn.