No Quarter Konsertalbum av Page and Plant | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 14. oktober 1994 | |
Innspelt | August 1994 | |
Sjanger | Hardrock, verdsmusikk | |
Lengd | 79:32 | |
Selskap | Atlantic/Fontana | |
Produsent | Jimmy Page og Robert Plant | |
Kritikk | ||
---|---|---|
Page and Plant-kronologi | ||
No Quarter | Walking into Clarksdale (1998) | |
Robert Plant-kronologi | ||
Fate of Nations (1993) |
No Quarter | Walking into Clarksdale (1998)
|
No Quarter er eit konsertalbum av Page and Plant, begge tidlegare i det engelske rockebandet Led Zeppelin. Det kom ut på Atlantic Records i oktober 1994. Gjenforeininga mellom Page and Plant skjedde i form av ein 90 minuttar lang konsert, kalla «UnLedded» på MTV. Det vart spelt inn i Marokko, Wales og London, og fekk høge sjåartal då det vart sendt. Det var ikkje ein Led Zeppelin-gjenforeining, sidan bassist og klaverspelar John Paul Jones ikkje var med. Faktisk fekk ikkje Jones beskjed om gjenforeininga av dei andre bandmedlemmane. Han kommenterte seinare at han var misnøgd med at Plant og Page kalla albumet opp etter «No Quarter», ein Led Zeppelin-song som stort sett han hadde skrive.
I tillegg til akustiske songar inneheld albumet omarbeidde Led Zeppelin-klassikarar, i tillegg til fire songar i arabisk og marokkansk stil: «City Don't Cry», «Yallah», (eller «The Truth Explodes») «Wonderful One» og «Wah Wah».
Albumet nådde fjerdeplassen på den amerikanske albumlista.
Fleire år seinare kommenterte Plant samarbeidet:
« | Viljen og iveren på Unledded var fantastisk og [Page] var verkeleg kreativ. Jimmy og eg gjekk inn i eit rom og det var attende. Riffa hans var fantastiske. Å ta det så langt som me gjorde, og turneen me gjorde - det var ein verkeleg ambisiøs og ufatteleg oppleving.[1] | » |
Albumet kom først ut i USA med følgjande spor:
Alle songar er skrivne av Robert Plant og Jimmy Page, bortsett frå der andre er nemnde.
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Nobody's Fault but Mine» | 4:06 | |
2. | «Thank You» | 5:47 | |
3. | «No Quarter» | Jones/Page/Plant | 3:45 |
4. | «Friends» | 4:37 | |
5. | «Yallah» | 4:59 | |
6. | «City Don't Cry» | 6:08 | |
7. | «Since I've Been Loving You» | Jones/Page/Plant | 7:29 |
8. | «The Battle of Evermore» | 6:41 | |
9. | «Wonderful One» | 4:57 | |
10. | «That's the Way» | 5:35 | |
11. | «Gallows Pole» | Trad. arr. Plant og Page | 4:09 |
12. | «Four Sticks» | 4:52 | |
13. | «Kashmir» | Page/Plant/Bonham | 12:27 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Nobody's Fault but Mine» | 3:57 |
2. | «No Quarter» | 3:47 |
3. | «Friends» | 4:35 |
4. | «The Truth Explodes» (formerly known as Yallah) | 4:42 |
5. | «The Rain Song» | 7:29 |
6. | «City Don't Cry» (edit) | 3:15 |
7. | «Since I've Been Loving You» | 7:28 |
8. | «The Battle of Evermore» | 6:40 |
9. | «Wonderful One» (edit) | 3:23 |
10. | «Wah Wah» | 5:24 |
11. | «That's the Way» | 5:37 |
12. | «Gallows Pole» | 4:17 |
13. | «Four Sticks» | 4:57 |
14. | «Kashmir» | 12:36 |
I samband med 10-årsjubileet for konserten vart det òg gjeve ut ein DVD med fleire songar, intervju og bilete frå Marokko, samt bandet som spelar «Black Dog» for Dick Clark sitt American Music Awards og musikkvideoen til «Most High» frå Walking into Clarksdale.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «No Quarter» | |
2. | «Thank You» | |
3. | «What Is And What Should Never Be» | |
4. | «The Battle of Evermore» | |
5. | «Gallows Pole» | |
6. | «Nobody's Fault but Mine» | |
7. | «City Don't Cry» | |
8. | «The Truth Explodes» | |
9. | «Wah Wah» | |
10. | «When the Levee Breaks» | |
11. | «Wonderful One» | |
12. | «Since I've Been Loving You» | |
13. | «The Rain Song» | |
14. | «That's the Way» | |
15. | «Four Sticks» | |
16. | «Friends» | |
17. | «Kashmir» |