Nora Industrier A/S er eit tidlegare norsk konsern. Selskapet vart grunnlagt i Oslo i 1978 som eit haldingselskap for m.a. bryggeria Frydenlund, Schou og Ringnes. I løpet av det neste tiåret voks firmaet til Noregs største næringsmiddelkonsern. I konsernet var det innlemma selskap som m.a. Idun-Giærfabrikken, Bjølsen Valsemølle og Nidar, og det kontrollerte òg aksjemajoriteten i tekstilselskapet Helly-Hansen. Nora Industrier vart i 1991 fusjonert med Orkla.