69°38′53.369″N 18°57′35.543″E / 69.64815806°N 18.95987306°E
Nordnorsk Kunstmuseum | |||
![]() | |||
Stad | Tromsø kommune | ||
---|---|---|---|
Skipa | 1. november 1985 | ||
Opna | 17. mars 1988 | ||
Nettstad | www.nnkm.no | ||
![]() Nordnorsk Kunstmuseum 69°38′53″N 18°57′36″E / 69.64815806°N 18.95987306°E |
Nordnorsk Kunstmuseum er eit kunstmuseum i Tromsø, skipa 1. november 1985 som ei stifting med mål om å spreia kunnskap og interesse for biletkunst og kunsthandverk i Nord-Noreg[1].
I 1979 blei behovet for eit nordnorsk kunstmuseum undersøkt av Norsk kulturråd. Nordnorsk Kulturråd, Universitetet i Tromsø, Riksgalleriet og Nasjonalgalleriet. Det blei opna 17. mars 1988 med Frode Haverkamp som direktør. Siden har både Anne Aaserud og Knut Ljøgodt hatt direktørstillinga.[2] Jérémie Michael McGowan var direktør ved Nordnorsk Kunstmuseum frå 2016 til 2020[3][4]
Museet heldt opphavleg til i Tromsø Kunstforening sine lokale i Musegata til Sjøgata 1 ved Prostneset. I 2002 flytta Nordnorsk Kunstmuseum til dei noverande lokala sine i Sjøgata 1. Bygningen frå 1915 var teikna av arkitekten Søren Wiese Opsahl for å husa post- og telegrafkontor. Derette var han politistasjon frå 1967. Museet ligg i det eldste gateløpet i Tromsø, med fasaden mot Roald Amundsens plass.
Nordnorsk Kunstmuseum viser fram ulike temporære utstillingar med både historisk og samtidig kunst[5]. Sentrale kunstnarar er Peder Balke, Adelsteen Normann, Harriet Backer, Anna-Eva Bergman og Olav Christopher Jenssen. Den faste samlinga består av verk frå museet si eiga samling, supplert med verk deponerte frå Nasjonalmuseet, SpareBank 1 Nord-Norges kunststiftelse, Sparebankstiftelsen DNB NOR, Tromsø Kunstforening og private samlingar.
Nordnorsk Kunstmuseum har ansvar for heile den nordlege delen av Noreg. I 2010 oppretta det ei eiga avdeling for landsdelsdekkande program. Avdelinga turnerer årleg 2-3 mellomstore utstillingar i dei tre nordlegaste fylka og på Svalbard. I tillegg turnerer formidlingsavdelinga til museet rundt 20 mindre undervisingsbaserte vandreutstillingar til rundt 200 skular i heile landsdelen.
7. februar 2015 opna Nordnorsk Kunstmuseum filialen Kunsthall Svalbard i Longyearbyen, eit dedikert utstillingsrom for visuell kunst som også hadde som føremål å driva omvisingar, formidling, verkstader og workshops.[6] Kunsthallen blei offisielt opna av dronning Sonja, og den første utstillinga var Glacier av Joan Jonas.
30. mars 2017 blei Nordnorsk Kunstmuseum kåra til Årets museum 2017 av Norges museumsforbund.[7] Museumsperformancen Sámi Dáiddamusea, i samarbeid med RiddoDuottarMuseat, vann Kunstkritikerprisen 2018[8], Tromsø kommunes kulturpris 2017[9] og Norsk Publikumsutvikling sin pris for Neste praksis 2017.[10]