Norges forskningsråd | |||
| |||
Type | Forvaltingsorgan | ||
---|---|---|---|
Org.nummer | 970141669 | ||
Skipa | 1993[1] | ||
Hovudkontor | Drammensvn. 288 | ||
Adm.dir. | Mari Sundli Tveit | ||
Verkeområde | Noreg | ||
Fokus | Forsking | ||
Omsetjing | 2 629 975 euro (2019) | ||
Donasjonar | 0 euro (2019) | ||
Tilsette | 360 | ||
Eigarskap | Kunnskapsdepartementet | ||
Nettstad | https://forskningsradet.no |
Noregs forskingsråd eller Norges forskningsråd er eit norsk statleg forvaltingsorgan oppretta av regjeringa. Det har ansvar for å finansiera, fremja og marknadsføra norsk forsking. Rådet forvaltar forskningsmiddel og gjev råd til styresmaktene innan forskingspolitikk, mellom anna gjennom forslag til forskingsbudsjett[2] i statsbudsjettet. Andre oppgåver er å fungera som møteplass mellom forskarar, næringsliv, dei som bruker og dei som finansierer forsking. Forskingsrådet bidreg også til å gjera norsk forsking meir internasjonalt orientert, gjennom forskingssamarbeid og gjennom deltaking i EU sine forskingsprogram.[3]
Forskningsrådet er underlagt Kunnskapsdepartementet. Saman med Nærings- og handelsdepartementet står dei to departementa bak halvparten av midla til rådet. Totalt forvaltar Noregs forskingsråd eit budsjett på 11,7 milliardar kroner (i 2022).[4]
Forskningsrådet skipa i 2002 den uavhengige nettavisa Forskning.no. Nettavisa syndikerer artiklar frå formidlingsmagasina til norske universitet og forskingsinstitusjonar.
Rådet oppretta også Forskingsdagane, ein nasjonal, årleg festival der alle typar forskings- og kunnskapsbaserte institusjonar viser fram verksemda si for allmugen.
Nysgjerrigper er Forskingsrådet sitt tilbod til barn og unge. Proscientia[5] er tiltaket deira for å auka interessa for forsking og vitskap blant ungdom. Proscientia organiserer mellom anna Konkurransen Unge Forskere.