Noregs geologiske undersøking

Noregs geologiske undersøking

NGUs hovudkontor på Lade i Trondheim
Org.nummer970 188 290
Skipa6. februar 1858 Noreg[1]
GrunnleggjarTheodor Kjerulf
HovudkontorLeiv Eirikssons vei 39, 7040 Trondheim
Adm. dir.Morten Smelror
Stab213 (i 2011)[2]
VerkeområdeNoreg
Omsetjing254 millionar NOK
UndergrupperNasjonalt Borkjerne og Prøvesenter
EigarskapNærings- og handelsdepartementet
MottoGeologi for samfunnet
Nettstadwww.ngu.no
NGU sitt fartøy «Seisma» i Nyhavna i Trondheim.

Noregs geologiske undersøkingar (NGU) er ein norsk statleg etat med ansvar for geologisk kartlegging og forsking.

Etaten er underlagt Nærings- og handelsdepartementet og har hovudkontor i Trondheim med filial i Tromsø. Administrerande direktør er Morten Smelror og etaten har rundt 200 tilsette (2002).

NGU har som hovudoppgåver å samle, handsame og formidle kunnskap om dei fysiske, kjemiske og mineralogiske eigenskapane til berggrunn, lausmasse og grunnvatn i landet. Viktige område for denne verksemda er, i tillegg til det norske fastlandet, Arktis, Svalbard og kontinentalsokkelen.

Direktørar

[endre | endre wikiteksten]
Bestyrar Periode
Theodor Kjerulf 6. februar 1858–1888
Hans Henrik Reusch 1888–1921
Tittelen bestyrar blei erstatta av Administrerande direktør i 1915.
Carl Bugge 1921–1951
Sven Føyn 1951–1958
Harald Bjørlykke 1958–1963
Karl Ingvaldsen 1963–1973
Knut Heier 1974–1994
Arne Bjørlykke 1994–1. august 2006
Morten Smelror 1. august 2006-

Referansar

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]