Norges Ishockeyforbund er eit norsk idrettsforbund som administrerer ishockey, inline hockey og kjelkehockey i Noreg, og sorterer under Norges Idrettsforbund.
Den høgaste ligaen er GET-ligaen, der sluttspelvinnaren får tittelen Noregsmeister og blir tildelt Kongepokalen, gjerne omtalt som «Bøtta» i ishockeymiljøet, opphavleg ein sjargong frå Vålerenga.
Norges Ishockeyforbund blei stifta i 1920, men endra seinare namn til Norges Bandyforbund. Det noverande ishockeyforbundet blei stifta 18. september 1934.