Norsk Bremuseum ligg i bygda Fjærland i Sogndal kommune. Det særmerkte museumsbygget er teikna av arkitekten Sverre Fehn.
Bremuseet har ei innhaldsrik forklaring på korleis breane fungerer og korleis dei oppstod. I tillegg finst det mange utstillingar og modellar av isbrear og eigenskapane deira. Museet inneheld også ein kinosal der ein kan sjå film om Jostedalsbreen.
Norsk Bremuseum - Bresenteret i Fjærland er ei privat stifting oppretta av Den Norske Turistforening, International Glaciological Society, Noregs vassdrags- og energidirektorat, Norsk Polarinstitutt, Høgskulen i Sogn og Fjordane, Universitetet i Bergen og Universitetet i Oslo.
Norsk bremuseum ved arkitekt Sverre Fehn fekk arkitekturprisen Betongtavlen for 1992 og Houens fonds diplom for 1994.[1][2]