Norsk utanrikspolitisk institutt | |||
NUPI har lokale i C.J. Hambros plass 2 D. Foto: Hans-Petter Fjeld | |||
Org.form | Organisasjonsledd | ||
---|---|---|---|
Org.nr. | 970955992 | ||
Bransje | Forsking | ||
Skipa | 1959 | ||
Morselskap | Kunnskapsdepartementet | ||
Hovudkontor | Oslo | ||
Land | Noreg | ||
Adm.dir. | Ulf Sverdrup | ||
Nettstad | https://www.nupi.no/ |
Norsk Utanrikspolitisk Institutt (NUPI) vart oppretta av Stortinget i 1959, for «å bidra til auka innsikt i mellomfolkelege spørsmål ved å drive forsking og utgreiing, og ved å spreie informasjon om internasjonale forhold».[1] NUPI er eit uavhengig forskingsinstitutt som forskar på globale maktforhold, tryggingspolitikk, utviklingsspørsmål, internasjonal økonomi og andre forhold av interesse for norsk utanrikspolitikk.[2]
Mannskapet i NUPI var opphavleg ein styrar, ein instituttsekretær og ein sekretær.[3] Instituttet har tilhald i Oslo. Det fyrste tiåret flytta staben frå Victoria Terrasse, via Parkveien og Grønnegata til Bygdøy allé 3. På sistnemnde adresse hadde instituttet kontora sine i tjue år inntil trongen for meir plass tvinga fram flytting til Grønlandsleiret på Grønland i 1989. Etter fire år der flytta staben til dagens lokale på C.J. Hambros plass 2 D.
Eit seminar i oktober 1959 hadde nedsett ei arbeidsgruppe med den tentative tittelen ”Norsk selskap for Sovjetstudier”. Gruppa vart umiddelbart laust knytt til NUPI gjennom engasjementet til John Sanness i saka. Etter oppfordring frå Sanness[4] deltok også tenestemannen Bucher-Johannessen frå Utanriksdepartementet (UD) i dette arbeidet, mens han heldt fram i stillinga si i departementet. I samband med dette arbeidet prøvde ein å opprette et ”Service-kontor for opplysningar om sovjetisk næringsliv” som ”konsulent Hallaråker, som får løn av Forsvarsstaben” skulle leie. UD tilrådde sterkt arbeidet.[5] NUPI gjorde i denne samanheng eit poeng av utelukkande å arbeide med opne kjelder.[6] I eit internt notat[7] vart det tilrådd at utestasjonane ikkje oversendte fortruleg materiale til NUPI; ”Der arbeider nemleg personar av dei mest ymse politiske fargar i Instituttet”.
Frå 2007 vert NUPI leidd av Jan Egeland, tidlegare visegeneralsekretær og naudhjelpskoordinator i FN. Sidan 1959 har instituttet hatt fylgjande direktørar: John Sanness, Johan Jørgen Holst, Kjell Skjelsbæk, Olav F. Knudsen og Sverre Lodgaard.[8] Instituttet har i dag fem forskingsavdelingar: Avdeling for internasjonal politikk, Avdeling for internasjonal økonomi, Avdeling for utviklingsstudiar, Avdeling for Russland og Eurasia og Avdeling for tryggleik og konfliktløysing. NUPI står redaksjonelt bak tidsskrifta Internasjonal Politikk, Nordisk Østforum, Forum for Development Studies og artikkelserien Hvor hender det? Instituttet er administrativt underlagt Kunnskapsdepartementet.
I 2009 hadde NUPI 73 årsverk.
Forskinga til NUPI dekkjer fylgjande temaområde: