Type | fjernsynsprogram | ||
---|---|---|---|
Sjanger | Talentkonkurranse | ||
Opphavsland | Noreg | ||
Introduksjonsår | 2008 | ||
Sesongar | 8 | ||
Lengd | ca 75 | ||
Språk | Norsk | ||
Skapar | Simon Cowell | ||
Basert på | Britain's Got Talent | ||
Programleiar | Marte Stokstad Sturla Berg-Johansen Pia Lykke Marthe Sveberg Bjørstad John Brungot Solveig Kloppen Stian Blipp Glopholm | ||
Dommarpanel | Jan Fredrik Karlsen Thomas Giertsen Mia Gundersen Alex Rosén Adil Khan Omer Bhatti Lisa Tønne Bjarte Hjelmeland Linn Skåber Suleman Malik Bjarne Brøndbo | ||
Periode | 22. februar 2008– | ||
Kanal | TV 2 |
Norske Talenter er eit norsk fjernsynsprogram på TV 2 basert på det britiske underhaldningsprogrammet Britain's Got Talent og det amerikanske America's Got Talent. Hovudinnhaldet i programserien er ein talentkonkurranse innanfor alle greiner, og er ope for alle deltakarar, uavhengig av alder. Britain's Got Talent vart fyrste gong send i 2007; den fyrste sesongen av Norske Talenter vart send på TV 2 i 2008.
Det vart gjennomført fleire auditionar i ulike byar i Noreg, der folk fekk sjansen til å opptre framfor tre domarar. Viss ein domar hadde sett nok, kunne han trykkja på ein knapp. Viss alle tre domarane hadde trykt, måtte deltakaren stoppe. Når opptredenen anten er ferdig eller stoppa, gav domarane tilbakemelding, og bestemte om artisten fekk gå vidare i programmet eller ikkje. Publikum blei oppfordra til å gje si meining (ved å jubla eller bua mot domarane).
Dei siste programma blei alle gjennomført på direktesending, med semifinalar og ein finale. I 2008 inneheldt kvar semifinale 8 opptredenar, der to blei sende vidare etter røyster frå fjernsynssjåarane. Den med flest røyster gjekk direkte til finalen, medan domarane kunne velje mellom andre og tredje plassen blant røystene, og sende denne artisten vidare til finalen.
Norske Talenter vart nominert til Gullruten for Beste underhaldningsprogram i 2008.