Norunn Tveiten Benestad | |||
Fødd | 8. november 1956 (67 år) Sarpsborg kommune | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Høgre | ||
Yrke | politikar | ||
Alle verv |
|
Norunn Tveiten Benestad (fødd 8. november 1956 i Sarpsborg) er ein norsk politikar for Høgre. Ho er stortingsrepresentant frå Vest-Agder fylke og vart vald inn ved stortingsvalet 2013.
Benestad har bakgrunn frå forlagsbransjen, og kom til Stortinget frå ei stilling i Cappelen Damm Høyskoleforlaget. Tidlegare har ho jobba som lærar og kommunikasjonsrådgivar, og hatt stillingar i Høyskoleforlaget, Norges Røde Kors og Interkraft AS[1]. Benestad har hatt verv i Sparebanken Pluss, Sørlandet Kunnskapspark Eiendom AS, Avfall Sør AS og Avfall Sør Husholdning AS.[2]