Nut Rocker Singel av B. Bumble and the Stingers | ||
B-side |
Nautilus | |
---|---|---|
Språk | inkje språkleg innhald | |
Utgjeve | 1962 | |
Sjanger | Instrumental rock | |
Lengd | 1:59 | |
Selskap | Rendezvous R 166-1 (UK Top Rank Records) | |
Komponist | Pjotr Tsjajkovskij | |
Låtskrivar(ar) | Pjotr Iljitsj Tsjaikovskij, Kim Fowley[1][2] | |
Produsent | Kim Fowley[1] | |
B. Bumble and the Stingers-kronologi | ||
«Rockin-On'n'-Off» (1962) |
Nut Rocker | «Dawn Cracker» (1962)
|
«Nut Rocker» er ein instrumental rock-singel spelt inn av det amerikanske instrumental-ensemblet B. Bumble and the Stingers. Singelen nådde 23. plassen på amerikanske Billboard Hot 100 i mars 1962 og gjekk til topps på UK Singles Chart i mai 1962.[3] Instrumentalen er ein versjon av marsjen frå Tsjaikovskij-balletten Nøtteknekkaren.[1]
Innspelinga vart gjort av husbandet av studiomusikarar i Rendezvous Records i Los Angeles, med trommeslagaren Earl Palmer og gitaristen René Hall, som alt hadde hatt hittar i USA med rocka versjonar av «In the Mood» (1959) og «Bumble Boogie» (1961). «Nut Rocker» vart produsert av Kim Fowley, og sidan Freeman ikkje møtte opp, spelte Al Hazan piano.[4]
I 1962 sikra Fowley seg opphavsretten til eit arrangement av marsjen frå Nøtteknekkersuiten og tok dette til pianisten H.B. Barnum. Barnum spelte han inn som eit stykke av «Jack B. Nimble and the Quicks» på det vesle selskapet Del Rio. Men då Rod Pierce i Rendezvous Records høyrde stykket, overtydde han Fowley om at selskapet hans kunne spele inn ein betre versjon med sitt eige band. Det vart sett i stand ei ny innspeling, men på denne dagen møtte ikkje Ernie Freeman, som hadde spelt piano på «Bumble Boogie», visstnok fordi han hadde vore på fest dagen før. I staden for fekk gitaristen og arrangøren René Hall henta pianisten Al Hazan til kontora til Rendezvous, som var rigga til eit improvisert studio. I følgje Hazan «valde Rod å spele inn det første opptaket medan eg framleis øvde på stykket i lag med dei andre musikarane. Fordi eg hadde så lita tid på å lære meg 'Nut Rocker', var eg ikkje nøgd med spelinga mi på det opptaket. Sjølv om eg bad om å få spele det på nytt, var Rod nøgd med det slik det var.»[5] Songen kom ut som «Nut Rocker» i februar 1962 og nådde 23. plassen i USA og toppen av lista i Storbritannia.[4][6]
Songen er ein rask, livleg versjon og heilt instrumental. Han vart den største hitten til bandet. Singelen kom ut på ny i 1972 i Storbritannia og nådde den gongen 20. plassen i juli.[1]
Då singelen kom ut hadde BBC i Storbritannia ein regel om å bannlyse innspelingar som parodierte klassisk musikk. «Nut Rocker» måtte opp i eit råd som meinte at «denne instrumentalen er openbert ein parodi på dansemelodien til Tsjajkovskij, men han er tydeleg efemerisk og vil derfor ikkje støyte fornuftige folk», og songen vart derfor ikkje bannlyst.[7]
Songen har blitt brukt i mange reklamefilmar, filmar og fjernsynsprogram som Butcher Boy (1998), Big Momma's House (2000) og TV-serien Hjarte på rette staden i 2006.
Nut Rocker Singel av Emerson, Lake & Palmer frå albumet Pictures at an Exhibition | ||
B-side |
The Great Gates Of Kiev | |
---|---|---|
Språk | inkje språkleg innhald | |
Utgjeve | 1971 | |
Sjanger | Progressiv rock, jazzfusion | |
Lengd | 4:25 | |
Selskap | Cotillion | |
Komponist | Pjotr Tsjajkovskij | |
Låtskrivar(ar) | Pjotr Iljitsj Tsjaikovskij, Kim Fowley | |
Emerson, Lake & Palmer-kronologi | ||
«Stones of Years» (1971) |
Nut Rocker | «From the Beginning» (1972)
|
Songen vart ofte framført på konsertane til progrockbandet Emerson, Lake & Palmer, og ein versjon vart gjeven ut på singel i 1972. Denne singelen nådde 70. plassen på amerikanske Billboard Hot 100[8] og 92. plassen på Cashbox-lista.[9] Hovudinstrumentet her var ikkje eit piano, men ein Clavinet. I 2009 gav Trans-Siberian Orchestra ut ein versjon av «Nut Rocker», med Greg Lake, på albumet deira Night Castle.