Nærings- og fiskeridepartementet | |||
| |||
Offisielt namn | Nærings- og fiskeridepartementet | ||
---|---|---|---|
Type | Norske departement | ||
Virkefelt | Noreg | ||
Skipa | 1. januar 2014[1] | ||
Org.nummer | 912660680 | ||
Statsrådar | Cecilie Myrseth (Ap) Marianne Sivertsen (Ap) | ||
Hovudkontor | Oslo | ||
Undergrupper | Regjeringa i Noreg | ||
Jurisdiksjon | Noreg | ||
Nettside | https://www.regjeringen.no/no/dep/nfd/id709/ |
Nærings- og fiskeridepartementet (NFD) er eit norsk departement som vart oppretta 1. januar 2014.[2]
Nærings- og fiskeridepartementet har to statsrådar; næringsminister Cecilie Myrseth og fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss, begge frå Arbeidarpartiet.[3] Næringsministeren er leiar for departementet,[4] men det konstitusjonelle ansvar er delt mellom statsrådane.
Departementet blei oppretta av det tidlegare Nærings- og handelsdepartementet og Fiskeri- og kystdepartementet, med unntak av kyst- og miljøavdelinga og delar av avdelinga for forskning, styring og administrasjon. I tillegg fekk departementet overført konkurransepolitisk avdeling frå det tidlegare Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet, og ansvaret for selskapslovgiving frå Justis- og beredskapsdepartementet.