Obtest er eit band frå Litauen som spelar ei form for folk metal. Då bandet byrja å spela saman i 1992 heldt dei seg til death metal sjangeren, men utvikla seg etter kvart til eit svartmetallband. Sjølv kallar dei musikken sin for «heidensk krigsheavy metal». Musikken deira kan kanskje best definerast som melodisk heavy metal, med ein vokaltype som er noko glottal og unik. Det var mellom anna denne vokaltypen som har gjort at bandet ikkje har fått stor oppslutning i Noreg.[1]
Tekstane deira er på litauisk, og dei har eit gjennomgåande tema som tar for seg krigar, legender, mytologi, og gamal baltisk naturreligion.